Konsulent/rådgjevar for digital utvikling og heilskapstenking
Vi søkjer ein person som forstår korleis teknologi og digitalisering kan setjast i spel for å støtte verksemda sine mål, men som ikkje nødvendigvis har ein teknisk fagbakgrunn. Du er like komfortabel…
- Leikanger
- Fulltid
- Publisert for 1 uke siden
- Søknadsfrist 19. september
Dette ser de etter
- enterprise architecture
- data management
- systems thinking
- organizational development
- project management
Fint om du også kan
- TOGAF
- COBIT
- master's degree
Arbeidsoppgaver
- Kartlegge og analysere korleis organisasjonen nyttar teknologi og digitale system
- Bidra i moderniserings- og transformasjonsinitiativ på tvers av organisasjonen
- Bidra med å få oversikt over data – dataforvaltning
- Skape samanheng mellom fragmenterte datakjelder
- Utvikle og vedlikehalde heilskapleg bilete av organisasjonen sine system, data og prosessar
- Gjere data tilgjengelege og forståelege
- Etablere tydeleg eigarskap, omgrep og reglar
- Vere bindeledd mellom faglege behov og IKT-fagmiljøet
Oppsummert fra annonsen av Teamstory.
Vi søkjer ein person som forstår korleis teknologi og digitalisering kan setjast i spel for å støtte verksemda sine mål, men som ikkje nødvendigvis har ein teknisk fagbakgrunn. Du er like komfortabel med å setje deg inn i korleis enkeltløysingar fungerer, som du er med å løfte blikket og sjå heilskaplege samanhengar på tvers av system, data og organisasjon. I denne rolla er evna til å omsette overordna strategiar til konkrete, gjennomførbare tiltak avgjerande. Du har eit godt auge for korleis ulike fagsystem og datakjelder heng saman, og du bidreg til at Vestland fylkeskommune sine digitale investeringar faktisk underbyggjer organisasjonen sine mål. Vi ser etter deg som er analytisk og nysgjerrig, som trivst med å jobbe tverrfagleg, og som er god på å skape felles forståing mellom fagmiljø, leiing og IKT.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge og analysere korleis organisasjonen nyttar teknologi og digitale system, og identifisere forbetringsområde
- Bidra i moderniserings- og transformasjonsinitiativ på tvers av organisasjonen
- Bidra med å få oversikt over dataa våre – dataforvaltning
- Skape samanheng mellom fragmenterte datakjelder og verdikjeder
- Bidra til å utvikle og vedlikehalde eit heilskapleg bilete av organisasjonen sine system, data og prosessar
- Gjere data tilgjengelege og forståelege – frå dataplattform til avgjerd
- Etablere tydeleg eigarskap, omgrep og reglar som faktisk vert brukte
- Gjere data klare for KI, prognosar og automatisert optimalisering
- Vere bindeledd mellom faglege behov i avdelingane og IKT-fagmiljøet, og sikre at løysingar støttar opp under verksemda sine mål
- Følgje opp organisasjonen med tanke på informasjon som ligg i verktøyet vårt for verksemdsarkitektur
- Følgje opp og vidareutvikle arkitekturprinsipp
- Delta i innkjøpsprosessar for å sikre at arkitekturprinsipp vert følgde. Vurdere og kvalitetssikre løysingsforslaga til leverandørane opp mot behova og arkitekturprinsippa til fylkeskommunen
- Vere med å styre utviklinga av verktøyet vårt for verksemdsarkitektur. Kontakt med leverandøren vår av verktøy for verksemdsarkitektur
- Rådgjeving i systemval med vekt på heilskapleg arkitektur, integrasjonar og langsiktige behov
- Delta aktivt i arbeidet med digitalisering, porteføljestyring og prosjektutvikling
- Støtte leiarar og fagmiljø med innsikt og analysar som grunnlag for avgjerder
- Samarbeide på tvers av avdelingar, fagområde og geografi for å sikre gode og samkøyrde løysingar
Kvalifikasjonar
Utdanning:
- Bachelorgrad er eit minimumskrav. Mastergrad er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Relevant utdanning kan vere innan informasjonsteknologi, organisasjon og leiing, samfunnsvitskap, økonomi eller tilgrensande fagfelt. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring og kompetanse:
- Erfaring med organisasjons- eller systemutvikling, prosjektarbeid, analyse eller tilsvarande
- God forståing av korleis digitale verktøy og system fungerer og heng saman
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og å koordinere mellom ulike interessentar
- Kjennskap til, erfaring med eller sertifisering i Togaf, Cobit eller tilsvarande rammeverk tel positivt
Personlege eigenskapar
- Analytisk og systematisk med evne til å sjå heilskaplege samanhengar
- Nysgjerrig og løysingsorientert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å skape felles forståing mellom ulike fagmiljø
- Sjølvstendig og god til å prioritere og strukturere arbeidet
- Endringsvillig og komfortabel i ein organisasjon i utvikling
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Eit meiningsfylt arbeid i ein av landets største fylkeskommunar med over 6 000 tilsette
- Ein aktiv og engasjert organisasjon i kontinuerleg utvikling
- Godt fagmiljø med kompetente kollegaer og tverrfaglege prosjekt
- Høve til å bidra direkte til at teknologi og digitalisering skaper reell verdi for innbyggjarane i Vestland
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling i tråd med Kompetansestrategien til Vestland fylkeskommune
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Tom Sølve Myklebust, seksjonssjef, 41530977
Arbeidsstad
Askedalen 2 6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5162398340 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 20.09.2026
Andre stillinger du kanskje vil se
System- og applikasjonsforvaltar
IDI - Digitalisering, Vestland fylkeskommuneLeikanger· Fulltid· via arbeidsplassen.no· Frist 19. sep.
Senior Systemkonsulent – M365 og brukarsikkerheit
IKT Systemdrift, Vestland fylkeskommuneLeikanger· Fulltid· via arbeidsplassen.no· Frist 19. sep.
Informasjonssikkerheit - spesialkonsulent / rådgjevar
IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommuneLeikanger· Fulltid· via arbeidsplassen.no· Frist 12. sep.