Fagspesialist identitets- og tilgangsstyring
Helse Vest IKT leverer IKT tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Identitet er grunnmuren i alt vi leverer. Løysingane blir nytta av helsepersonell døgnet rundt og er kritiske for…
- Bergen
- Fulltid · Hybrid
- Publisert for 2 døgn siden
- Søknadsfrist 8. november
Dette ser de etter
- Active Directory
- security hardening
- Kerberos
- group policy
- OAuth 2.0
- OpenID Connect
- SAML
- incident response
- backup and recovery
Fint om du også kan
- Entra ID
- hybrid identity
- Entra Connect
- Cloud Sync
- PowerShell
- PKI
- Microsoft AD CS
- PAM
Arbeidsoppgaver
- Forvalting, sikring og vidareutvikling av eit stort og komplekst AD-miljø
- Sikkerheitsherding, privilegerte kontoar, delegering, Kerberos og gruppepolicyar
- Feilsøking og problemløysing på tredjelinjenivå
- Vere med på å utvikle og modernisere strategien innan identitetsområdet
- Vere ein pådrivar for å flytte applikasjonar til moderne autentisering
- Gje faglege råd om identitet og autentisering i nye løysingar
- Utarbeide, vedlikehalde og teste planar for gjenoppretting av AD
- Vere fagleg rådgivar for eigne fagmiljø, helseføretak og leverandørar
Oppsummert fra annonsen av Teamstory.
Helse Vest IKT leverer IKT-tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Identitet er grunnmuren i alt vi leverer. Løysingane blir nytta av helsepersonell døgnet rundt og er kritiske for sjukehusa.
Active Directory er framleis kjernen i identitetsplattforma vår, og ho skal vere solid, sikker og godt forvalta. Samstundes er identitetsområdet i rask utvikling. Vi beveger oss mot skyidentitet og moderne protokollar som OAuth 2.0, OpenID Connect og SAML. Vi søkjer derfor ein erfaren AD-spesialist som ønskjer å vidareutvikle identitetsplattformene i Helse Vest.
Du får ei viktig rolle i fagmiljøet. Saman med resten av teamet vil du vere med på å sikre og vidareutvikle AD-plattforma, og vere ein pådrivar i overgangen til moderne identitetsløysingar. Vi arbeider aktivt for at pålogging til tenester skal vere brukervennleg, sikker og rask.
Arbeidsstad er Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver
Active Directory
- Forvalting, sikring og vidareutvikling av eit stort og komplekst AD-miljø
- Sikkerheitsherding, privilegerte kontoar, delegering, Kerberos og gruppepolicyar
- Feilsøking og problemløysing på tredjelinjenivå
Modernisering og veien videre
- Vere med på å utvikle og modernisere strategien innan identitetsområdet
- Vere ein pådrivar for å flytte applikasjonar og integrasjonar frå eldre autentisering (Kerberos/NTLM/LDAP) til OAuth 2.0, OIDC og SAML der det er formålstenleg
- Gje faglege råd om identitet og autentisering i nye løysingar og ved anskaffingar
Beredskap og gjenoppretting
- Utarbeide, vedlikehalde og teste planar for gjenoppretting av AD (forest recovery) og tilhøyrande identitetstenester
- Bidra til robuste tryggingskopi- og gjenopprettingsløysingar for identitetsplattforma, inkludert isolerte og uforanderlege kopiar
- Delta i beredskapsøvingar og handtering av hendingar, mellom anna ved sikkerheitshendingar som rammar identitetsinfrastrukturen
Rådgivning og samarbeid
- Vere fagleg rådgivar for eigne fagmiljø, helseføretak og leverandørar
- Bidra til etterleving av Normen, NIS2 og interne tryggleikskrav
- Dokumentere og dele kunnskap i fagmiljøet
Kvalifikasjonar
Du har desse kvalifikasjonane:
- Relevant høgare utdanning innan IT. Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Solid erfaring med design, drift og sikring av Active Directory i store verksemder.
- Erfaring med sikkerheitsarbeid i AD og god forståing av vanlege angrepsteknikkar mot identitetsinfrastruktur.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Kan tryggleiksklarerast i samsvar med verksemdsforskrifta § 69.
Det er ein fordel om du har erfaring med:
- Forståing av AD-arkitektur, replisering, DNS, GPO, Kerberos/NTLM og delegering.
- Erfaring med Entra ID, hybrid identitet og Entra Connect / Cloud Sync.
- God forståing av moderne autentiserings- og autorisasjonsprotokollar (OAuth 2.0, OIDC og SAML), og motivasjon for å vidareutvikle denne kompetansen.
- Erfaring med andre identitetsleverandørar.
- Planlegging og testing av AD forest recovery eller annan beredskap for kritisk infrastruktur.
- PKI, særleg Microsoft AD CS.
- PAM-løysingar og livssyklusforvalting av identitetar.
- PowerShell eller anna automatisering.
- Erfaring frå helsesektoren eller andre verksemder med høge krav til sikkerheit og tilgjenge.
Personlege eigenskapar
- Du er nysgjerrig og likar å utforske ny teknologi. Samstundes veit du kva som skal til for å drifte kritiske system på ein trygg måte.
- Du er ein trygg rådgivar som kan forklare komplekse tema for både teknikarar og beslutningstakarar.
- Du er strukturert og grundig, har høg tryggleiksmedvit og held hovudet kaldt når det verkeleg gjeld.
- Du deler kunnskap og bidreg til å løfte kollegaene rundt deg.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Moglegheit til å forme framtidas IKT-løysingar innan helsesektoren.
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
- Deltaking i spennande oppgåver innan lokale og regionale prosjekt.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
- Ein trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frode Langeland, Seksjonsleiar, +47 91719912
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29 5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 5190689834 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.11.2026
Andre stillinger du kanskje vil se
Målebåtoperatør med teknisk kompetanse
HavforskningsinstituttetBergen· Fulltid· via arbeidsplassen.no· Frist 31. okt.
Data Scientist – Subscription Data Enablement
På engelskSchibstedBergen· Hybrid· Fulltid· via selskapets karriereside
Spesialingeniør (bioinformatikk)
Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen HF, LaboratorieklinikkenBergen· Fulltid· via arbeidsplassen.no· Frist 31. okt.
Bli med og utvikle fremtidens KI-løsninger
Skatteetaten, divisjon personBergen· Fulltid· via arbeidsplassen.no· Frist 31. okt.