System- og applikasjonsforvaltar
In NorwegianVil du jobbe tett på sentrale digitale system – og vere med på å sikre at dei fungerer når det verkeleg gjeld? Vestland fylkeskommune har eit stort og variert IKT miljø med digitale tenester som kvar…
- Leikanger
- Full-time
- Posted 2 days ago
- Deadline September 19
What they're looking for
- IKT-fag fagbrev
- systemforvaltning
- teknisk forståing
Nice if you also know
- printløysingar erfaring
- OnPrem og Sky drift erfaring
- identitets- og brukarhandtering
- PowerShell
- Infrastructure as Code
- CI/CD-pipelines
- DevOps
- koordinering av tekniske løysingar
What you'll do
- jobbe tett på sentrale system og applikasjonar
- drifte og forvalte printløysingar
- koordinering av tekniske løysingar ved val
- arbeide med identitets- og brukarforvaltning
- bidra i innføring og utfasing av system
- sjå etter moglegheiter for automatisering
- 2-linje support ved behov
Summarised from the ad by Teamstory.
Vil du jobbe tett på sentrale digitale system – og vere med på å sikre at dei fungerer når det verkeleg gjeld?
Vestland fylkeskommune har eit stort og variert IKT-miljø med digitale tenester som kvar dag skal fungere for over 32 000 brukarar. No ser vi etter ein system- og applikasjonsforvaltar som vil vere med og sikre stabile, trygge og framtidsretta løysingar for heile fylkeskommunen.
Ei viktig oppgåve blir også å bidra i fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval, der du får eit ansvar inn i koordinering av tekniske løysingar som klientar, skannarar, nettverk, brannmur, brukarar etc., med høgt fokus på IKT-sikkerheit.
Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Vi er om lag 80 medarbeidarar og rundt 40 lærlingar, og arbeider tett saman på tvers av faggrupper og fagteam for å sikre robuste, trygge og framtidsretta løysingar for om våre brukarar.
Du treng ikkje kunne alt. Dersom noko av det vi skildrar treff deg, og du har lyst til å lære og utvikle deg vidare, vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Som system- og applikasjonsforvaltar vil du mellom anna:
- jobbe tett på sentrale system, applikasjonar og fellestenester i samarbeid med leverandørar og produkteigarar
- drifte og forvalte sentrale printløysingar
- ansvar inn i den tekniske koordineringa av fylkeskommunen si kontrolltelling ved stortings- og fylkestingsval
- arbeide med identitets- og brukarforvaltning i eit stort og komplekst miljø, mellom anna med FINT (Felles Fylkeskommunale INTegrasjonar) som integrasjonsnav
- bidra i innføring, vidareutvikling og utfasing av system
- sjå etter moglegheiter for automatisering og effektivisering
- 2-linje support ved behov
Arbeidskvardagen vil vere variert, med både dagleg drift og oppgåver knytt til utvikling og forbetring av tenestene våre.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har teknisk forståing, interesse for systemforvaltning og lyst til å ta ansvar for viktige digitale tenester. Du har:
- Fagbrev i IKT-fag eller høgare
Og har gjerne:
- erfaring med printløysingar frå større driftsmiljø eller liknande
- erfaring med drift og forvaltning av applikasjonar- /systemer både OnPrem og i Skyløsninger.
- erfaring med identitets- og brukarhandtering i store miljø
- erfaring med automatisering og skripting, til dømes i PowerShell
- kjennskap til Infrastructure as Code (IaC), versjonskontroll, CI/CD-pipelines og moderne DevOps-prinsipp
- Det er ein fordel om du har erfaring med koordinering av tekniske løysingar i større settinger, der det er høge krav til stabilitet og sikkerheit.
Erfaring med valrelaterte system er interessant, men ikkje eit krav.
Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, er nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare.
Personlege eigenskapar
Vi er på jakt etter deg som:
- er strukturert og likar å ha oversikt
- tek ansvar og følgjer opp oppgåver heilt i mål
- er løysingsorientert og ser moglegheiter for forbetring
- trivst med å jobbe sjølvstendig, men også godt saman med andre
- kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske kollegaer
- håndterer stressituasjoner greit og held roen når det oppstår feil eller uventa situasjonar
- ønskjer å dele kompetanse og lære av andre
- har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tek arbeidet vårt på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg. For oss er humor, godt humør og det å ha det kjekt på jobb ein viktig del av kvardagen.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- eit stort og kompetent IKT-miljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- ei sentral rolle i drift og forvaltning av digitale tenester for over 32 000 brukarar
- varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
- moglegheit til å jobbe med både teknologi, drift, forvaltning og utvikling
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- fleksibel arbeidstid og heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
- arbeidsstad i Leikanger
Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal utvikle seg i jobben. Derfor legg vi til rette for intern opplæring, kurs, seminar og kunnskapsdeling på tvers av fagmiljøa.
Seksjon IKT har høg trivsel, og vi legg vekt på både fagleg og sosialt fellesskap. Vi har mellom anna ein eigen Teams-kanal der medarbeidarane kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som padeltennis, fjellturar, dart og spelekveldar.
Vi har også årlege samlingar for heile seksjonen, i tillegg til eigne samlingar i faggruppene.
Vil du vere med og sikre at sentrale digitale system fungerer – både i kvardagen og når det verkeleg gjeld? Då gler vi oss til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Øyvind Daae Johansen, leiar, 91730197
Arbeidsstad
Askedalen 2 6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5176195301 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026
Other jobs you might want to see
Konsulent/rådgjevar for digital utvikling og heilskapstenking
In NorwegianIDI - Digitalisering, Vestland fylkeskommuneLeikanger· Full-time· via arbeidsplassen.no· Deadline Sep 19
Senior Systemkonsulent – M365 og brukarsikkerheit
In NorwegianIKT Systemdrift, Vestland fylkeskommuneLeikanger· Full-time· via arbeidsplassen.no· Deadline Sep 19
Informasjonssikkerheit - spesialkonsulent / rådgjevar
In NorwegianIDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommuneLeikanger· Full-time· via arbeidsplassen.no· Deadline Sep 12