Opplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommune
OOpplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommuneUnverifiedListing from arbeidsplassen.no

Spesialkonsulent opplæring i bedrift

In Norwegian

Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar? Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle…

  • Molde
  • Contract
  • Posted 1 week ago
  • Deadline November 14
Apply via Webcruiter
ShareLinkedInX

What they're looking for

  • norsk skriftlig og muntlig
  • digital kompetanse

Nice if you also know

  • Vigo
  • Visma InSchool
  • saksbehandling
  • videregående opplæring

What you'll do

  • saksbehandle protokollar etter fagprøve
  • produsere vitnemål og kompetansebevis
  • bestille trykking av fagbrev
  • registreringar for godkjenning av lærebedrifter
  • registreringar for søknad til læreplass

Summarised from the ad by Teamstory.

Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar?

Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle der du er med på å sikre at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring. Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag.

Arbeidsoppgåver

I hovedsak vil dine oppgåver vere knytt til administrativ behandling og utferding av dokumentasjon etter gjennomført fagopplæring.

Du vil blant anna jobbe med:

  • saksbehandle protokollar etter fagprøve

  • produsere vitnemål og kompetansebevis

  • bestille trykking av fagbrev

  • registreringar i høve godkjenning av nye lærebedrifter

  • registreringar i høve søknad til læreplass

Andre oppgåver kan bli tillagt avhenging av kvalifikasjonar og behov

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • relevant utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet, men du vil da få tittelen konsulent.

  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye system

Det er ein fordel om du også har:

  • kjennskap til skoleadministrative system, som Vigo og Visma InSchool

  • kjennskap til vidaregåande opplæring, særleg fagopplæring

  • erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast i stillinga trur vi at du:

  • er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
  • trivst med administrative oppgåver og rutinearbeid
  • klarer å arbeide effektivt, også når det er fleire saker som skal behandlast
  • liker å samarbeide med andre og er imøtekommande

Vi tilbyr

Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.

Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.

Eit vikariat fram til 31. januar 2028, med moglegheit for forlenging.

Kontorstad i Molde

Kontaktinformasjon

Målfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9 6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5182353289 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 15.11.2026

Other jobs you might want to see